spacer

English | Norsk

Det du aldri sa

spacer Det du aldri sa er tittelen på Tom Roger Aadland sitt nye album. Mannen bak kritikar- og publikumssuksessen Blod på spora (Dylan på nynorsk) har tatt med seg vestlandske indie-rockarar, eklektiske folkemusikarar og ein irsk stjernepianist, og spelt inn eit album med sterke tekstar og vakre melodiar, med musikk som har den tyngste foten i rootstradisjonen.

Tom Roger Aadland hausta mykje ros for Dylan-gjendiktingane sine; tekstane er sentrale også på denne plata, som tematisk spenner frå varme kjærleikserklæringar (Der eg er no) via burlesk humor (Støyande hjarte) til episk historieforteljing (Postkort i oktober).

Det du aldri sa er innspelt live i studio, med ein utvida versjon av besetninga bak Blod på spora. Musikarane møttest same dag som opptaka begynte, og hadde fokus på innhaldet i songane heller enn på teknisk perfeksjonisme.

Dei som sette pris på Tom Roger sine tidlegare album Blod på spora og Obviously Embraced, vil finne mykje å gle seg over på Det du aldri sa. Ein av dei som har førehandslytta, seier, «Sjeldan har eg høyrt så mange rett og slett vakre songar på ein og same CD». Påbegynt i Sør-Afrika, gjort ferdig i Oslo, Telemark og på Vestlandet, dette er blitt eit album som kryssar mange grenser.

Blogg

Regn til inspirasjon

Etter at me avslutta turneen i Nord-Noreg, køyrde eg åleine gjennom Finland og Sverige på veg til Oslo. Lange strekk å køyre, men også ei flott oppleving. Bjørk, gran, snø, reinsdyr. Av ein eller annan grunn får eg ofte musikalske … Les videre

Neste konsert

1. desember
Høvleriet, Haugesund

Songane

«Om du er Himalaya, er eg ein sherpa frå Nepal» OM DU KJEM OVER

Nytt

“Der eg er no” video

Kjøp albumet

gipoco.com is neither affiliated with the authors of this page nor responsible for its contents. This is a safe-cache copy of the original web site.