spacer

English | Norsk

 

Kjøp albumet

Album

spacer Det du aldri sa er tittelen på Tom Roger Aadland sitt nye album. Mannen bak kritikar- og publikumssuksessen Blod på spora (Dylan på nynorsk) har skrive eit knippe nye låtar med sterke, nynorske tekstar og vakre melodiar, og gått i studio med ei spennande samansetjing av musikarar. Vestlandske indierockarar, eklektiske rootsmusikarar og ein irsk stjernepianist fann felles grunn i songane og historiene på plata.

Det du aldri sa er innspelt live i studio, med ein utvida versjon av besetninga bak Blod på spora. Musikarane møttest same dag som opptaka begynte, og hadde fokus på innhaldet i songane heller enn på teknisk perfeksjonisme. Musikalsk er albumet svært variert; her finst inspirasjon frå rock, folk, country, viser med meir. Ein rik vev av elektriske og akustiske gitarar, fele, mandolin og steelgitar utgjer bakteppet, i sentrum står songane og Tom Roger sin vokal.

Tom Roger Aadland hausta mykje ros for Dylan-gjendiktingane sine. Tekstane er sentrale også på dette albumet, som tematisk spenner frå varme kjærleikserklæringar (Der eg er no) via burlesk humor (Støyande hjarte) til ettertenksame historier (Postkort i oktober). Mange av songane på plata handlar om å reise – om å vere på veg. På opningssporet «Fall for deg for alvor» syng Tom Roger, «Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn / Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn».

Dei fire musikarane som deltok på Blod på spora utgjer kjernen i bandet også på denne plata. Ørjan Haaland og Per Steinar Lie, rytmeseksjonen frå lowfi-postrock-favorittane The Low Frequency in Stereo, er dei heilt rette folka til å spela roots, country og blues, etter Tom Roger si meining. Den irske stjernepianisten Brian Connor (Van Morrison, Riverdance) hadde akkurat tid mellom turnear i USA og Australia til å reise til Etne og setje seg ved orgelkrakken. Linn Frøkedal frå The Megaphonic Thrift syng vakre vokalharmoniar.

Ytterligare tre musikarar bidrar sterkt til den fargerike veven på plata. Multistrengetalentet Olav Christer Rossebø, med bakgrunn frå folkemusikk og bluegrass, spelar fele og mandolin med sjel og musikalitet. Kjetil Steensnæs (Sissel Kyrkjebø, Maria Mena) trakterar steelgitar, dobro og diverse andre gitarar, og legg ned musikalske argument for at den andelege heimen til albumet kanskje er Tennessee like mykje som Vestlandet. I botn ligg Kjetil Lundø sin varme kontrabass.

Dei som sette pris på Tom Roger Aadland sine Dylan-gjendiktingar på Blod på spora eller som gledde seg over det mørke, vakre debutalbumet Obviously Embraced, vil finne mykje å like på Det du aldri sa. Ein av dei som har førehandslytta, seier, «Sjeldan har eg høyrt så mange rett og slett vakre songar på ein og same CD». Påbegynt i Sør-Afrika, gjort ferdig i Oslo, Telemark og på Vestlandet; dette er blitt eit album som kryssar mange grenser.

Songane

Neste konsert

1. desember
Høvleriet, Haugesund

 
gipoco.com is neither affiliated with the authors of this page nor responsible for its contents. This is a safe-cache copy of the original web site.